Handballkamp Stranda - Volda

Hardtsatsande handballjenter

Handballsesongen er så vidt starta. For nokre av jentene på Stranda sitt J18-lag har det vore ei tøff oppkøyring med to treningar i veka i Volda, i tillegg til treningar med Stranda J18.
Nyhende

-Samarbeidet starta eigentleg i fjor mellom Stranda J16 og senior i Volda. Men, på grunna av at J16 hadde eit så hardt kampprogram med både Toppserie, lokal serie og Bringseriespel, vart det lite av samarbeidet, fortel kontaktperson i Stranda Handball, Tove Lersveen.