– Viktig å be om hjelp tidleg

Gudrun Lind er leiande helsesøster i Stranda kommune. Ho er glad for at ein løftar opp temaet psykisk helse. – Det er viktig å be om hjelp tidleg, understrekar Lind

Helsesøster: Leiande helsesøster Gudrun Lied ønsker ei normalisering rundt temaet psykisk helse, og oppmodar om at ein tidleg ber om hjelp når ein treng det. arkivfoto  Foto: Anniken Westad

Nyhende

– Det er viktig å normalisere temaet, å gjere det like naturleg å prate om som vår fysiske helse, seier ho.

Helsesøstera merkar auka merksemd kring psykisk helse hjå born og unge.

Det er helsesøstrer på alle skulane i Stranda kommune. Frå 2018 har dei fått ei ekstra helsssøsterstilling, fortel Lind. – Når vi aukar ressursane, blir vi meir brukt. Så det er heilt klart eit behov for oss.

Mykje informasjonsarbeid

Helsesøstrene driv mykje med informasjonsarbeid. Begge vidaregåande skulane i Stranda er med på VIP-prosjektet.

Det skal gje meir kunnskap om psykisk helse og kvar ein kan søkje hjelp.

Når det gjeld tilhøva i Stranda, støttar helsesøstera seg til Ungdata, ei landsomfattande undersøking om ungdomar si helse.

Ifølge undersøkinga har elevane i Stranda betre helse enn landsgjennomsnittet. Også på område som måler trivsel på skulen, og i forholdet til foreldre og vener, ligg Stranda kring snittet, slår helsesøstera fast.

«Generasjon prestasjon»

Samstundes ser ein same utfordringane her som elles i landet, poengterer helsesøstera.

– Det kan bli mange forventingar om å yte på skule og i fritida, og kroppspress. «Generasjon prestasjon» er nok eit tema også her.

– Men ikkje alt stress er negativt, understrekar Lind. Det er når presset blir for stort eller varer for lenge, at det kan gje psykiske plager.

Få hjelp tidleg

Blir det for mykje, er det viktig å få hjelp tidleg, meiner Lind.

– Ein kan komme til helsesøstera med både små og store plager. Vi er eit lavterskeltilbud for alle.

Helsesøstera oppfordrar unge til å kontakte helsesøster, Helsestasjon for ungdom, fastlegen, PPT eller barnevernet for å få hjelp.

Om ein ikkje klarer det sjølv, kan ein be nokon ein stoler på, til dømes. ein venn, eit familiemedlem eller ein lærer, om å kontakte desse for ein.