Utanpå kan ingen sjå at 21-åringen har ei liding som har gjeve han mykje bry, og som gjer at han arbeidar særskilt for psykisk helse.
Tøff oppvekst
På ungdomsskulen vart alt berre kaos, seier Benjamin. Han fortalde ingen om det, og hadde ikkje kunnskap om psykisk helse. Først då klassa skulle skrive stil, sette Benjamin ord på tankane.
Læraren slo alarm, og Benjamin fekk hjelp av helsevesenet.
Til slutt fekk han diagnosen Asberger. Det gjorde det lettare å få tilrettelegging.
– Eg bruker lenger tid på arbeidet, fordi eg blir ukonsentrert. Men ein bør fokusere på det gode. Ein med Asberger kan til dømes vere veldig grundig. Men kunnskapen om psykiske lidingar må vere der først. Det finst mange stader å få hjelp, men få kjenner til dei. Det burde ha vore meir informasjon, insisterer Benjamin.
Treng meir kunnskap
Meir kunnskap treng ein synest også Hannah Wollen Strand, avtroppande leiar i Ungdomsrådet i Stranda kommune.
Ho meiner helsesøstrene er flinke å informere klassene. Men det er helst éin gong i året. Få veit kva dei skal gjere om dei seinare blir råka av t.d. depresjon. Hannah meiner det hadde vore nyttig med skriftleg materiale liggande ute.
– Det kan også kjennast stigmatiserande å oppsøke helsesøster, poengterer Hannah. Ungdomsrådet hadde ei sak om dette, og uttala då at kontora til helsesøstrene burde ligge skjerma til.
– Det er ein liten stad. Ein er vel redd for at om noko kjem ut, så veit alle det.
Det positive med små tilhøve er at det gjer elevane meir samanspleisa, trur russejenta. Men utfordringar finnast her òg.
Mange forventningar
– Det er høge krav og lett å samanlikne seg med andre. Eit anna stressmoment er bekymringa for å kome inn på studiar, skildrar Hannah.
– Ein kan uansett ikkje meistre alt ved første forsøk. Det meiner Benjamin. Han må bruke lenger tid på vidaregåande.
– Eg ser på det som ein prosess. Livet er uansett ein «høgstress-jobb». Ein bør ikkje fokusere på forventningar.
For Benjamin er dette hardt tilkjempa innsikt. Men innstillinga gjer han godt. Det passar godt med årets tema for Verdsdagen for psykisk helse: Ver raus.
– Det er lurt å vere raus med seg sjølv og andre. Inkludér andre, sjølv om dei er annleis, råder Benjamin.
Jobbar for inkludering
Frode Lyse, lokallagsleiar i Mental Helse Stranda, arbeidar også for inkludering.
Laget arrangerer ulike aktivitetar, mellom anna bowling og kino.
Lyse skulle gjerne hatt fleire medlemar. Han trur låge medlemstal kan skuldast fordommar.
– Eg har fått negative kommentarar når eg har stått fram med psykisk sjukdom, seier han.
Det blir inga særskilt markering av Verdsdagen i Stranda
– Dei fleste av medlemane har lite tid til å arrangere pga. jobb. Men det viser at ein kan ha eit vanleg liv trass psykiske plager, understrekar Lyse.
Mange vil meistre alt. Kanskje blir det å slite sett på som ein svakheit, spør lokallagsleiaren.
– Men alle har vi ei psykisk helse, seier Lyse.
Snakk med nokon
Benjamin er samd:
– Det er normalt å ha dårlege periodar. Sjølv har han funne seg godt til rette i Stranda, etter at han flytta hit for nokre år sidan. Snart skal han og kjærasten bli sambuarar.
– Om ein får hjelp, kan ein få det betre. Ikkje gå åleine, men snakk med nokon, oppfordrar Benjamin.