Verdsdagen for psykisk helse

  • Psykiske plager er vanleg. Kring halvparten av befolkninga vil ha psykiske problem ein eller fleire gonger i løpet av livet. Det store fleirtalet blir friske.
  • Folkehelseinstituttet si levekårsundersøking viser at litt over 300.000 nordmenn slit med psykiske problem.
  • 13 prosent av befolkninga har vore sjukmeldt eller trygda grunna psykiske problem det siste året.
  • 15 prosent av befolkninga seier dei har hatt vanskar med å sove i løpet av dei siste tre månadane. Om lag like mange seier dei er lite nøgd med livet.
  • Psykiske plager er lettare former for angst og depresjon, alkoholmisbruk og enkle fobiar som ikkje karakteriserast som diagnosar.
  • Psykiske lidingar er når symptombelastninga er så stor at det kan stillast ei diagnose som t.d. alvorleg depresjon, schizofreni og manisk-depressiv liding.
Nyhende