Skal ta i bruk lagerdel av nybygg i april

Grilstad-utbygginga skjer i ekspressfart

Reguleringsarbeidet skjedde lynraskt. No fossar nybygget til Grilstad fram, og det kan takast i bruk allereie til våren.

Hektisk Målet er at Grilstad skal kunne ta i bruk lagerdelen av det nye bygget allereie i april. I juli skal alt vere ferdig, og Grilstad kan flytte alle aktivitetane sine på Stranda til dagens produksjonslokale. Utbygginga skjer i tett samarbeid med entreprenør K. Nordang as og vil koste Grilstad-konsernet meir enn 55 millionar kroner. Andre investeringar kan gjere satsinga på Stranda langt større.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

– Målet er at lagerdelen av det 2.350 store nybygget skal kunne takast i bruk i april. Full ferdigstilling skal skje i juni. Dermed får vi samle alle våre aktivitetar på Stranda på ein stad, seier direktør for forretningsutvikling i Grilstad, Oskar Gjærde til Sunnmøringen.