– Vi treng fleire bøssebærarar

– Bli med og still opp som bøssebærar til TV-aksjonen, er oppmodinga til arrangørkomiteen.

Sveler er populært på Sunnmøre, og assisterande butikksjef ved Kiwi Stranda Kristine Havn Vik kan fortelje at heile sju liter svelerøre gjekk med fredag ettermiddag. Laurdag diskar butikken opp med lønsj.  Foto: Eivind Louis Helset

BYMISJONSSENTERET: Oppussinga av Bymisjonssenteret er i full gang, leiar Anne Karin Zeitz fortel at opninga av senteret vil bli på nyåret.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

TV-aksjonen går i år til Kirkens Bymisjon, som har lokal avdeling i Ålesund.

Bygdelaga Geiranger, Liabygda og Sunnylven er godt dekt opp kva gjeld bøssebærarar til aksjonen den 21. oktober.

– På Stranda treng vi mange fleire, det er mange ledige roder som treng folk. Om du vil gå med bøsse så ta kontakt med frivilligsentralen eller registrer deg på nettstaden blimed.no, seier Aud Tomasgard Berstad i arrangørkomiteen.

Berstad oppmodar lag/organisasjonar og privatpersonar til å melde seg som bøssebærarar.

– Det blir ein søndagstur med meining, seier ho.

– Møre og Romsdal var i fjor beste fylket totalt i TV-aksjonen, og målet er sjølvsagt å gjere det betre i år. Like sjølvsagt er det at vi har som mål å slå Sykkylven, smiler varaordførar Arild Ringdal.

Selde sveler og lodd for 2500 kroner

Assisterande butikksjef ved Kiwi Stranda, Kristine Havn Vik, var blant dei som fredag sto og steikte sveler til inntekt for TV-aksjonen.

- Eg trur vi kan fastslå at svelesalet gjekk strålande - vi fekk inn 2.500 kroner frå svelesalet samt loddbøkene. Sju liter svelerøre gjekk med, smilar ho.

Og meir mat skal det bli på butikken, ikkje berre i hyllene.

Dagleg leiar i Kiwi Stranda, Randi Tandstad, fortel at det laurdag blir det lønsj-servering i butikken.

- Vi disker opp med bakervarer og pålegg og anna godt, så betaler du det du vil, seier Tandstad. Ho fortel òg at fleire på butikken har bidrege til årets skjerfaksjon.

- Idèen om å bidra til Bymisjonen kom frå Kiwi Bergen. Bergen har Bymisjonssenter, og det kom ei oppmoding til resten av Kiwi-butikkane om å bli med å engasjere seg. Det gjer vi sjølvsagt, seier ho.

- Vi i Stranda og Sykkylven har det så godt. Vi treng å hugse på at ikkje alle har det, seier sykkylvingen Tandstad.

Butikken har fleire andre lokale tiltak dei støtter, mellom anna Rusomsorg Vest og Frelsesarmeen.

Kafèdrift med meir

Anne Karin Zeitz, leiar for bymisjonssenteret i Ålesund, fortel at dei innsamla midla lokalt mellom anna skal gå til drift og etablering av kafè i det nye misjonssenteret i Ålesund. Bymisjonen tok for ei tid tilbake over Misjonskyrkja i Ålesund, i Parkvegen.

Kafèen skal vere eit lågterskeltilbod og for alle. Der kan ein få seg eit måltid mat, ta ein kaffikopp - og møte andre.

- I november arrangerer vi eit møte for folk som ønsker å vere frivillige ved senteret. Om strandarar ønsker å bidra er de hjarteleg velkomne, seier Zeitz.

Planen var å opne dørene på bymisjonssenteret før jul, men oppussinga tek tid.

- Vi er i siste fase av oppussinga no, og vi hadde lyst å opne før jul. Det ser vi at ikkje går, så vi opnar i løpet av januar, seier ho.

Tysdag denne veka vart 340 oransje skjerf hengt opp i Ålesund, som oppladning til TV-aksjonen. Skjerfa kom frå strikkarar i heile fylket, deriblant Stranda.

- Hjarte for Bymisjon

Sunnylvingen Ann Kristin Langeland fortel at ho har eit stort hjarte for Bymisjonen, og har forhistorie som styreleiar for både Bymisjonen i Bergen og Ålesund.

- Eg har eit stort hjarte for Bymisjonen, og Ålesund og Sunnmøre treng Bymisjonen. Hjå Bymisjonen er det fokus på nestekjærleik i praksis, seier ho.

Ho minner om kva som er temaet for TV-aksjonen og for Bymisjonen:

- Målet er å redusere utenforskap. Og utanforskap eksisterer like mykje på bygda som det gjer i byen. Hugs òg på at ungdommane i bygda reiser inn til byen, og då kan dei finne eit nettverk hjå Bymisjonen. Rundt om i Noreg tek dei ulike møteplassane som Bymisjonen imot eit breidt spekter av besøkande, og alle er velkomne, seier ho.

- Vi må på individnivå for å forandre saman. Bymisjonen ser folk i augehøgde, og det er noko vi alle kan lære av, understrekar Langeland.

På spørsmål om Langeland har merka lokalt engasjement, er svaret klart.

- Ja, eg merkar eit oppriktig engasjement i Stranda. Mellom anna med bidrag til den årlege oransje skjerf-aksjonen. Til TV-aksjonen voner eg at mange stiller opp som bøssebærar og elles bidreg med det dei kan til innsamlingsaksjonen, seier ho.

Langeland skal sjølv vere bøssebærar i Sunnylven.

- Eg er trygg på at alt som kjem inn vil utgjere ein forskjell. Bymisjonen har gode system for forvaltinga, og ei faglegheit i frivilligheita, seier ho.