Kommunereform

Millionar til samanslått Stranda og Sykkylven

Ei samanslåing av Stranda Sykkylven vil umiddelbart utløyse 25 millionar kroner frå staten.

Skrytte: Assisterande fylkesmann Rigmor Brøste skrytte av kor effektiv Stranda kommune har blitt ved å kome seg ut av Robek-lista. Foto: Johan Behrentz  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Dette er eingongs- og reformtilskott. I tillegg får kommunane inndelingstilskot over 15 år. Kor mykje dette eksakt vil seie for Stranda og Sykkylven, må ein rekne på, men det er snakk om millionar. Kommunane får også ein million kroner kvart år i tre år for å byggje den nye kommunen. Kommunane får 100.000 kroner til folkeopplysing.