Jubileumsgåve frå banken til Stranda

175.000 kroner til eit godt føremål

Banksjef Kjell Martin Ringset i Sparebanken Møre oppmodar om å nominere gode kandidatar til jubileumsgåva frå banken.  Foto: Arkivfoto: Bjørn Arild Hatlem

Nyhende

Sparebanken Møre fyller i år 175 år, og ønsker å feire med å gi ei jubileumsgåve på heile 175.000 kroner til eit godt føremål i samtlege kommunar banken har kontor.

Banken har to kontor i Stranda kommune - og søkjer no etter gode kandidatar til jubileumsgåva.

- Vi ønsker å takke for tilliten kundane gir oss med å gi noko tilbake til røtene våre. Det opplevast som svært meiningsfullt å kunne vere ein betydeleg bidragsytar, ei drivande kraft og ein medspelar i utviklinga av det samfunnet vi er ein del av, seier banksjef i Stranda Kjell Martin Ringset.

- Vi veit at det fins mange svært gode idear, gode tankar og prosjekt der ute, og vi gler oss til å lese forslaga som kjem inn. Kriteria for gåva er at det skal gå til eit prosjekt som kjem mange til gode. Og ho skal bidra til at Stranda kommune blir ei endå betre kommune å bu og leve i, seier Ringset vidare.

Forslagsskjema ligg ute på banken si heimeside, og fristen for å nominere er på torsdag 25. oktober.

Juryen som skal plukke ut vinnar av gåva består av lokal eldsjel Leidulv Årvik, ordførar Jan Ove Tryggestad, banksjef i Stranda Kjell Martin Ringset og banksjef i Sunnylven Stig Tryggestad.

Vinnaren blir annonsert i november/desember.