- Du er ein del av Noregs beredskap

Nyhende

Ditt eige beredskapslager:

DSBs eksempel på kva ein kan ha i hus for å klare seg sjølv i tre døgn:

* 9 liter vatn per person

* To pakker knekkebrød per person

* Ei pakke havregryn per person

* Tre boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat per person

* Tre boksar pålegg med lang haldbarheit per person

* Nokre posar tørka frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade

* Medisin du er avhengig av

* Ved-, gass- eller parafinomn til oppvarming

* Grill eller kokeapparat som går på gass

* Stearinlys, lommelykt med batteri, parafinlampe

* Fyrstikker eller lighter

* Varme klede, pledd og sovepose

* Førstehjelpspakke

* Batteridriven dab-radio

* Batteri, batteribank og mobilladar til bilen

* Våtserviettar og desinfeksjonsmiddel

* Tørke-/toalettpapir

* Litt kontantar

* Ekstra drivstoff og ved/gass/parafin

* Rødsprit til oppvarming og matlaging

* Jodtablettar (til bruk ved atomhendingar)


Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) vil gjere folk betre rusta dersom ei krise oppstår og lanserer ein kampanje for å auke kunnskapen.