Viltpåkøyrslar

Pass deg for hjorten

Illustrasjonsfoto  Foto: Peter Vibe/Colourbox.com

Nyhende

Ein tredjedel av alle vilpåkøyrslar skjer frå no og fram til jul, viser tal frå forsikringsselskapa. I fjor vart det registrert 571 kollisjonar mellom vilt og bil i Møre og Romsdal dei siste tre månadene av året.

- Frå september til oktober auker talet på påkøyrslar med 90 prosent i Møre og Romsdal. Oktober er starten på høgsesongen for viltpåkøyrslar, seier kommunikasjonssjef Arne Voll i Gjensidige i ei pressemelding.

- Dei fleste ulukkar skjer mellom klokka sju og åtte på morgonen, og etter klokka 17 og fram til midnatt. Ver ekstra merksam og demp farta, spesielt på utsette vegstrekningar og tidspunkt på dagen, tilrår Voll.

Meld ifrå om du køyrer på dyr

Køyrer du på dyr, er du forplikta av vegtrafikklova til å melde ifrå - anten det er husdyr eller vilt. Å etterlate skadde dyr er straffbart, og skadde dyr vil ofte prøve å gøyme seg. Då kan dei bli vanskeleg å finne, og kan ligge i dagesvis og lide ein smertefull død.

- Merk staden der du køyrde på dyret så det blir enkelt å starte søk. Deretter kontakter du politiet på telefon 02800. Dei henter inn viltnemda, seier han.

Det eksisterer ei utbredd misoppfatning om at det kan koste dyrt å melde frå om dyrepåkøyrslar.

- Det er feil. Du risikerer ikkje bonustap eller å betale eigenandel på forsikringa ved dyrepåkøyrslar, seier Voll.

Voll oppmodar bilistane til å dempe farta, vere ekstra merksam der det er mykje vegetasjon nær veg og å hugse på at fareskilta langs vegen er sett opp av ein grunn.