Mellombels resultat for TV-aksjonen i Stranda

119. 467 kroner frå bøssebæring

Svelesal i Stranda tettstad ga 2500 kroner i resultat, laurdagslønsjen i går ga vel 3.900 kroner til TV-aksjonen. 

Nyhende

TV-aksjonen 2018 er i gong, og i år går pengane til Kirkens Bymisjon.

Stor auke i Sunnylven

Bøssebæringa i Stranda gjekk føre seg i ettermiddag, og frå tala kan vi sjå at eitt av bygdelaga peiker seg ut med ei markant auke:

Sunnylven har auka resultatet med 10.159 kroner frå i fjor - der vart det samla inn 31.450 kroner frå bøssene.

Stranda fekk 70.023 kroner i resultat, Liabygda 8.275 kroner og Geiranger 9.719.

Totalt vart det samla inn 119. 467 kroner i Stranda kommune via bøssbærarane som har vore ute i alle bygdelaga.

Tilsvarande tal for 2017 var:

Bøsser Stranda 73. 115, 50 kroner

Bøsser Geiranger 9. 725 kroner

Bøsser Sunnylven 21. 301 kroner

Bøsser Liabygda 8. 144 kroner.

Totalt innsamla på bøssene var i fjor 112.285, 50 kroner. Dermed har Stranda kommune som heilheit i år ei resultatauke på 7.181, 50 kroner frå bøssene.

Det har i tillegg vore vaffelaksjon både i Geiranger og i Sunnylven, kollekt til inntekt for TV-aksjonen i Stranda, Sunnylven og Geiranger kyrkjer, lunsj- og svelesal i Stranda tettstad - og både Stranda kommune og Uteguiden er blant bedriftene som har gitt til TV-aksjonen.

Tala er dermed mellombelse, vi følger spent med på å sjå om vi når målet om å slå Sykkylven.