Sykkylven

Seier opp privat legesenter

Kommunestyret i Sykkylven har vedtatt å opprette sitt eige kommunale legesenter.

Legesenter Måndag drøfta og vedtok kommunestyret i Sykkylven ei sak om overtaking av det private legesenteret. Same dag verdtok ordførar Odd Jostein Drotninghaug og dei andre politikarane å opprette eit nytt kommunalt legesenter.   Foto: NILS HARALD ÅNSTAD, Sunnmørsposten

Nyhende

I dag kjøper kommunen tenesta av det privat Sykkylven Legetjeneste AS. Også Stranda har avtale med dette senteret på kveld og natt for Sunnylven og Stranda tettstad, men førebels er det ikkje klart kva for verknadar kommunestyrevedtaket i Sykkylven vil få for Stranda.


Nytt legevaktsamarbeid frå 1. mai

– Bruk telefonnummeret 116 117 for å kome til legevakta, oppmodar Stranda legekontor.


Konflikt

Det har i lengre tid vore ein konflikt mellom kommunen og eiagarane av legesenteret i Sykkylven. Eigarane har kome med utspel om å la kommunen overta legesenteret. Samstundes har legane ifløgje Sunnmørsposten nekta å forhandle med administrasjonen.

Ifølgje vedtaket i Sykkylven får rådmannen fullmakt til å opprette eit kommunalt legesenter med ledige legeheimlar.

I budsjettet

Etableringa og drifta av det nye legesenteret, inkludert oppretting av nye fastløna stillingar for hjelpepersonell, skal innarbeidast i budsjettet.

Kommunen har avtale med Sykkylven legesenter fram til 1. mars 2019, men skal då avsluttast. Det skal settast i gang ein prosess med å finne egna lokale til eit kommunalt legesenter.



Avslutte forhandlingar

Sykkylven kommune tek tilbodet om kjøp av Sykkylven Legetjeneste AS til vitande, og gir rådmannen fullmakt til vidare forhandlingar. Frist for å avslutte forhandlingane vert sett til 01.01.2019.

Eit forslag om å S utan opphald å starte forhandlingar med Sykkylven Legetjeneste AS med sikte på kommunal overtaking av selskapet, fall.