Færre attståande bilar

Talet på attståande personbileiningar mellom Stranda og Liabygda har gått kraftig ned.

Betre tider Færre bilar står att på ferjestrekningane.  Foto: Arkiv: Anniken Westad

Nyhende

Inntil utgangen av september måtte 2.355 einingar vente på neste ferje på rute 2014, Stranda Liabygda. Det er ein nedgang sidan same tid i fjor på 37,9 prosent. Det vart i fjor sett inn to ferjer i sambandet i høgsesongen.

Flest attståande

Også på strekninga Eidsdal-Linge (rute 2015) har det vore nedgang, men det er framleis den ferjestrekninga til Fjord1 i Møre og Romsdal med flest attståande personbileiningar.

Heile 27.954 personbileiningar måtte vente på neste ferje inntil utgangen av september. Det er ein nedgang på 12,4 prosent. På kvar av strekningane var det høvesvis 175.296 (rute 2014) og 366.498 (rute 2015) passasjerar. I september frakta Fjord1 15.919 køyretøy på rute 2014 og 18.757 køyretøy på Rute 2015.

Mellom Molde og Vestnes måtte 19.649 personbileiningar stå att dei ni første månadene.