Første kvinne som fylkesmann

Nyhende

Else-May Botten vart utnemd til ny fylkesmann i Møre og Romsdal, og blir dermed den første kvinna som innehar embetet i vårt fylke.

Botten er valt inn på Stortinget for Arbeidarpartiet, og har vore på Mørebenken frå 2009. Ho sit per no i Stortinget sin energi- og miljøkomitè.

Ho har òg vore medlem av fylkestinget i Møre og Romsdal for same parti i perioda 2003-2007.

Botten tiltrer stillinga i 2021, når inneverande stortingsperiode går ut.