Stranda brannvesen

Tilrår å innføre gebyr for falsk alarm

Nyhende

Rådmannen tilrår at det blir innført eit gebyr for unødige og falske alarmar, som brannvesenet rykkjer ut på.

Eit gebyr på 5.500 kroner per utrykking som ikkje er reell er meint å dekkje kommunen sine kostnader, og er tilrådinga til MK.

- Mellom 30 til 40 prosent av brannvesenet sine utrykkingar i 2016, 2017 og2018 var unødige utrykkingar til bygg eller objekt med brannalarmanlegg eller sprinklaranlegg. Desse har alarmoverføring til Møre og Romsdal 110-sentral KF eller andre alarmoperatørar, skriv rådmannen i saksutgreiinga.

- Ei side er at dette gir ekstrakostnader for brannvernet med omsyn til løn med meir. Like uheldig er det at respekta for utløyst brannalarm vert redusert blant publikum ved gjentatte unødige utrykkingar, skriv rådmannen.

Saka skal opp i miljø- og kommunalteknikkutvalet (MK) onsdag.

- Det er vesentleg både for eigenberedskapen ute ved objekteigar/brukar, beredskapen i brannvernet og kostnadene at det leggast meir ressursar i å redusere talet på unødige utrykningar, skriv rådmannen vidare.

- Med innføring av gebyr for unødige utrykningar blir vonleg bygningseigarar og brukarar meir opptatt av å sikre seg mot unødige alarmar, skriv rådmannen.

Det vert vist til at det allereie er mange kommunar som har innført gebyr for unødig utrykking, og at det er eit effektivt tiltak for å få eigarar av anlegg til å innføre betre rutinar for opplæring og vedlikehald av sine varslingsanlegg.