Samarbeid første skritt

Sykkylven skal truleg utnemne ad hoc-komitear som skal arbeide vidare med spørsmålet om kommunesamanslåing.

Samtalar Samtalane mellom ordførarane Jan Ove Tryggestad i Stranda og Odd Jostein Drotninghaug frå Sykkylven held fram. Samarbeid om viktige tenester kan vere første skritt.  Foto: Bjørn Arild Hatlem

Nyhende

– Vi ønsker nå å kartleggje kva som er utfordringa i samband med ei eventuell samanslåing mellom Stranda og Sykkylven kommunar. Eg håper vi kan få utnemne komitear på førstkomande kommunestyre 5. november, seier ordførar Jostein Drotninghaug (Sp) i Sykkylven til Sunnmøringen.

Sykkylven og kommunereforma

Fleirtal for å sjå mot Stranda

Atten representantar i Sykkylven kommunestyret stemte for å innleie samtalar med Stranda.


Han og ordførar-kollega Jan Ove Tryggestad og folk frå administrasjonane hadde nyleg eit møte der Stranda orienterte om dei utnemnde ad hoc-komiteane med gruppeleiarane i kommunestyret.


Kommunereform

Millionar til samanslått Stranda og Sykkylven

Ei samanslåing av Stranda Sykkylven vil umiddelbart utløyse 25 millionar kroner frå staten.


Drotninghaug seier at ein i første omgang vil sjå kva som har endra seg i høve den tidlegare intensjonsavtalen mellom dei to kommunane.

– I neste omgang må vi sjå på kva for område det kan vere naturleg å samarbeide om, til dømes helsetenester og plan- og bygningstenester, seier Drotninghaug.


Kommunesamanslåing

- Stranda og Sykkylven kan bli kraftfull

Med eit samstemt syn på næringsutvikling kan Stranda og Sykkylven bli ein kraftfull randkommune til Nye Ålesund.


Eit stort fleirtal av politikarane i Sykkylven vedtok i august å starte samtalar med Stranda.