Hellesylt

Slår eit slag for frivilligheit og bygde-stoltheit

Kvifor er frivilligheita så stor i små bygder, og er det noko samanheng med dugnad og det å gjere større karriere?

Folkefest Ordførar Jan Ove Tryggestad og innflyttaren Jens Vik er mellom dei som inviterer til bygdefest på Hellesylt for alle som er opptekne av frivilligheit og gourmetmat.   Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Dette er eit par av spørsmåla ein ønsker å få svar på når det blir invitert til stor bygdefest i samfunnshuset på Hellesylt laurdag 10. november. Dei ønsker å få fram "Det store i det vesle". Det er plass til 200 deltakarar på festen, og her gjeld det «å bli først til mølla» for å få plass.