Leiar

Mistenkeleggjering?

  Foto: Arkivfoto: Bjørn Arild Hatlem

Dbklikk_og_skriv

Sykkylvsordførar Odd Jostein Drotninghaug  Foto: Arkivfoto

Nyhende

Den 27. september i år sendte Sunnmøringen innsynskrav på kalender til rådmann og ordførar i Stranda kommune, som ein del av Landslaget for Lokalaviser (LLA) sitt initativ for å synleggjere at kalenderinnsyn er viktig for ålmenta.

For å få eit samanligningsgrunnlag sendte Sunnmøringen i går torsdag innsynskrav til Stordal, Norddal, Sykkylven og Hornindal kommunar om kalenderinnsyn til rådmann og ordførar. Vi vil sjå korleis desse kommunane handterer innsynskrav. Sykkylvsordførar Odd Jostein Drotninghaug sendte kalenderen etter ti timar. Fredag ettermiddag fekk vi kalender tilsendt frå Sykkylven sin rådmann May-Helen Molvær Grimstad. Kalender for Stordalsordførar Eva Hove vart sendt til Sunnmøringen fredag ettermiddag, det same gjorde Stordal-rådmann Anne Berit Løset.

Norddal-rådmann Kalle Birkhol sendte kalenderen laurdag. Hornindalsordførar Stig Olav Lødemel og Hornindalsrådmann Ann Kristin Langeland sendte båe kalendar måndag morgon.

Då gjenstår kalenderinnsyn på Norddalsordførar Arne Sandnes - og kalenderinnsyn for Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad.

I Stranda vart det opphavelege kravet svart på av rådmann Åse Elin Hole etter to dagar, godt innanfor offentleglova sine fråsegn om sakshandsaming «utan ugrunna opphald». I praksis betyr dette ein til tre virkedagar. Manglande svar innan den tid, er å sjå på som eit avslag - og kan klagast inn for Fylkesmannen.

Etter femten dagar ventetid på kalenderinnsyn til ordførar Jan Ove Tryggestad, klaga Sunnmøringen innsynskravet inn for Fylkesmannen - noko offentleglova gir fullt høve til. Etter tretti dagar ventetid, klaga vi nok ein gong til Fylkesmannen - om denne klagen faktisk er oversendt til klageinstans, er per no uklart.

Sunnmørsposten plukka opp saka frå offentleg postjournal, og ringde redaktøren for kommentar. Istaden for å innvilge eller avslå innsynskravet, står kravet om innsyn i kalendaren til ordførar framleis ubesvart. Og ordføraren uttaler til Sunnmørsposten at det blir gitt eit inntrykk av at ordføraren har noko å skjule i saka.

Det vil Sunnmøringen på det sterkaste avvise. Fakta i saka taler for seg sjølv: Eit legitimt innsynskrav har ikkje blitt tatt på alvor. Ei sakshandsaming på over ein månad på eit innsynskrav er fullstendig uakseptabelt. Det er kva Sunnmøringen påstår. Kva som står i kalendaren til ordføraren, kan ingen i Sunnmøringen utale seg om. Og det vil Sunnmøringen heller ikkje spekulere i. Sunnmøringen nyttar sin rett til å klage inn manglande innsyn for klageinstans, som er Fylkesmannen. Ikkje meir, og ikkje mindre.

Innsyn er ikkje noko ein ber om, det er noko ein krev - og det gjer Sunnmøringen med opne kort. Kva vi har gjort i dette innsynskravet, er like ettersporbart som kva vi har gjort i andre innsynskrav vi har fremja til kommunen. Etter fire år med argumentasjon frå dåverande journalist og no redaktør om kor viktig det er å sikre innsyn for ålmenta i samtalar både med administrasjon og politikarane i Stranda, er tålmodet til Sunnmøringen slutt. Om det er hard lut som skal til, så er det hard lut som blir brukt.

Ålmenta sitt innsyn i offentleg forvalting er det Sunnmøringen si oppgåve å garantere for, og det kan våre lesarar vere trygge på er ei oppgåve vi tek på alvor. Vi forventar at det alvoret òg går opp for politikarane.