FV63 Geiranger-Langvatn

Vegen er vinterstengd

  Foto: Statens vegvesen

Nyhende

Statens vegvesen har stengt fylkesveg 63 mellom Geiranger og Langvatn for vinteren, opplyser Statens Vegvesen i ei pressemelding.

Vegen har vore stengt og opna igjen mange gongar i haust fordi værforholda har vore svært krevjande med mykje nedbør og vind. No har ikkje vegen vore open sidan tysdag, då det gjekk to snøskred.


- Vegen ligg på over 1000 meter og vi har hatt utfordringar med vind, mykje nedbør, skred og vekslande temperaturar i mange veker. No er det ikkje lenger forsvarleg verken for trafikantane eller dei som arbeider på vegen å halde han oppe lenger, seier byggeleiar Kåre Berge i Statens vegvesen.