PEAB Nordang på Stranda

Stolt over byggjepris

Entreprenørselskapet PEAB Nordang på Stranda er stolt over å ha vore med på laget i samband med byggjeprisen til Ulstein Arena.

Pris PEAB Nordang var hovedentreprenør for prisløna Ulstein Arena i Ulsteinvik. Samla bruttoareal er på 8.900 kvadratmeter og inneheld fleirbrukshall med idrettshall, klartrehall, bibliotek, tenestetorg, svømme- og badeanlegg.   Foto: Per Eide

Peab Nordang
  • Stifta av gründeren Kjell Nordang i 1978.
  • Frå 2011 inngjekk selskapet som dotterselskap av landsomfattande PEAB.
  • Har kontor på Stranda, Ålesund og Ulsteinvik med til saman 105 tilsette.
Nyhende

– Vi konkurrerte med 80 prosjekt. Eg er stolt over at det blir lagt merke til at vi leverer kvalitet, seier dagleg leiar Kjetil Nordang i selskapet til Sunnmøringen.

Prestisjeprosjektet Ulstein Arena fekk nyleg Statens pris for byggkvalitet. Prisen er ei vidareføring av Statens byggeskikkpris (1983–2016).

Stort prosjekt

– Dette er eit stort og kompliserte prosjekt. Det var viktig for oss, seier Vidar Hansen, som har sitte tett på arbeidet i Ulsteinvik. Han er distriktssjef for  Søre Sunnmøre, og var med då prisen vart delt ut av Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland i Oslo nyleg.


K. Nordang oppkjøpt

Peab Norge har kjøpt opp entreprenørselskapet, i tråd med intensjonsavtalen.


Mæland sa då at anlegget er resultat av planmessig arbeid med sentrumsutvikling i Ulsteinvik.

– Her meiner eg at juryen har komme fram til et mønsterverdig bygg som bidrar til å heve, fornye og utvikle byggkvalitet lokalt og nasjonalt, sa kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland i samband med prisutdelinga.

Lokale underleverandørar

Vidar Hansen i Peab Nordang seier til Sunnmøringen at ein la stor vekt på å få lokale underleverandørar til prosjektet, og at det har vore eit godt samarbeid til alle sider.


Skal ta i bruk lagerdel av nybygg i april

Grilstad-utbygginga skjer i ekspressfart

Reguleringsarbeidet skjedde lynraskt. No fossar nybygget til Grilstad fram, og det kan takast i bruk allereie til våren.


Kjetil Nordang seier at det ikkje er noko problem å ha eit hovudkontor på Stranda, sjølv om ein har byggjeoppdrag fleire stader i fylket, t.d. både Sjøsida i Ulsteinvik, bustadprosjektet «Fri sikt» på Volsdalsberga i Ålesund og ferjekai i Volda. På Stranda byggjer selskapet det nye Grilstad-fabrikken og for Orkla.


Meir spekematsatsing i Stranda

Klart for stor utviding på Ødegård


Lærlingar

– På Stranda er det om lag 40 tilsette. Det er viktig for oss å få tak i dei rette folka og har mellom manna sju lærlingar. På Stranda har mellom anna bakgrunnstenester som lønn og økonomi for heile Peab Nordang, seier Kjetil Nordang til Sunnmøringen.