Dotterselskap av Nortura eksporterer

Norsk saudekjøt til Oman

  Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Nyhende

Eit stort overskot av sauekjøtt gjer at Norturas dotterselskap, Noridane, no skal eksportere sauekjøtt til Oman.

Det melder avisa Nationen , som siterer nettstaden Landbruk24.

– Det er korrekt at Noridane i desse dagar skal eksportere sau til Oman, seier assisterande kommunikasjonsdirektør i Nortura, Eskil Pedersen til avisa.

– Sauekjøttet blir selt til tilnærma norsk pris. Sauekjøtt er populært i Oman og blir importert i store mengder frå New Zealand og Australia kvart år. Som kjent er det utfordringar med store mengder sauekjøtt i Noreg, og det er viktig å finne måtar å få avsetning på denne råvara, seier Pedersen vidare.

Noridane Foods AS, eit selskap Nortura eig to tredeler av aksjane i, skal stå for eksporten. Ifølgje Nortura har dei ikkje eksportert sauekjøtt til Oman tidlegare.

Styreleiar Trine Hasvang Vaag i Nortura seier at bedrifta ikkje går stort i minus på Oman-eksporten.

– Eg veit at prisen vi får til Oman er ganske bra, som gjer at vi ikkje går på noko stort tap på dette salet. Årsaka er at vi har for mykje sau på lager, og at vi ikkje klarer å selje alt i det norske marknaden, seier Vaag.

Vaag opplyser til Nationen at det førebels er uklart kor mykje kjøtt som skal bli eksportert.