Ferjesambanda på indre

Fylket har tildelt kontrakt

  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Møre og Romsdal fylkeskommune har tildelt kontrakt for ferjesambanda på indre Sunnmøre til Fjord1 ASA, skriv fylket i ei pressemelding fredag føremiddag.

Kontrakten gjeld ferjesambanda Stranda-Liabygda, Eidsdal-Linge, Hundeidvik-Festøya og Sebø-Leknes-Standal-Trandal.

Kontrakta vil gjelde frå 1. januar 2020 fram til 31. desember 2033.

Investerer på land

Kaianlegget tilknytt Eidsdal-Linge skal rustast opp framover, for å kunne ta imot større ferjer. Frå før er Stranda ferjekai og Gravaneset i Liabygda opprusta til same formål.

Kaianlegga knytt til Eidsdal-Linge-sambandet er i dag små, og har avgrensa levetid. Nytt kaianlegg på sambandet skal kunne ta imot større ferjer frå og med 2024, skriv fylket.

Reduserte utslepp

Kontrakten inneber ei omfattande reduksjon av CO2-utslepp og bruk av fossilt brennstoff når dei to sambanda Eidsdal-Linge og Stranda-Liabygda får nye fartøy på sambanda.

CO2-utsleppa vil då bli redusert med omlag 90 prosent.

- Det har vore god konkurranse om oppdraget, og vi er svært glad for å redusere miljøutslepppa frå fylkesvegferjene som ligg tett inn på verdsarvområdet, seier samferdslesjef Arild Fugleseth.