Inviterer til basar

Fjørstad Grendahus: Det vert basar komande søndag. Arkvifoto: Anniken Westad  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Komande søndag inviterer Fjørstad Grendalag til basar på Fjørstad Grendahus.

– Det blir åresal, loddbøker og trekning med trommel på gamlemåten. Vi har mange flotte basargjenstandar å dele ut, blant anna julepynt, fruktkorger, dyner og kransekaker. I tillegg til forskjellige strikka- og heklagjenstandar, fortel Anne Grethe Hovdahl i Fjørstad Grendalag.

– Det vil også verte litt program denne ettermiddagen då Mandy Häger vil fortelje litt om baking på gamlemåten og tradisjonar rundt dette. Som vanleg vil det verte gratis servering av kaffi og kaker. Dette vert ein god gammaldags basar og eg håpar at så mange som mogleg vil ta turen til Fjørstad Grendahus denne søndagen, avsluttar Hovdahl.