Vil sikre trygg vinterveg til Geiranger

Ber om tilbod på tunellarbeid

Fotograf: Statens vegvesen 

Nyhende

Statens vegvesen har på vegne av Møre og Romsdal fylkeskommune bedt om tilbod på førebuande arbeider på fylkesveg 63 mellom Korsmyra i Stranda kommune og Indreeide i Norddal kommune.

Tunnelen er det høgast prioriterte skredsikringsprosjektet på fylkesvegane i Møre og Romsdal.

- Fylkesveg 63 er einaste tilkomstveg til Geiranger om vinteren, og er ofte stengd grunna snøskred eller fare for snøskred. Det er planlagd ein 4,8 kilometer lang tunnel som vil gjere denne strekninga trygg. Arbeidet med tunnelen er planlagd å starte opp hausten 2019, med ferdigstilling hausten 2022, seier Statens vegvesen i ei pressemelding.

Frist for å levere tilbod er satt til 29.november. Konkurransen kan avlysast dersom fylkestinget ikkje vedtek finansiering av prosjektet.