Årim har levert melding til politiet

Etterforsker mogleg korrupsjon

Nyhende

Møre og Romsdal politidistrikt stadfester i ei pressmelding å ha mottatt anmelding frå Årim (Ålesundregionens Interkommunale Miljøselskap IKS).

- Bakgrunnen for meldinga til politiet, er at leiinga i Årim skal ha fått opplysningar om at ein person har motteke betaling for å innverke på tilsettingsprosessar i selskapet, skriv politiet.

- Politiet etterforskar saken opp mot fråsegna om korrupsjon i straffeloven. Den etterforskinga som til no er gjort, syner at det dreier seg om eit avgrensa beløp som eventuelt skal ha blitt motteke i samband med dei enkelte tilsettingsprosessane, skriv Møre og Romsdal politidistrikt.

Politiet har ikkje ytterlegare kommentarar i saka.