Historisk roman frå Tafjordfjella

Nyhende

Forfattar Gro Nilsdatter Røsth frå Ålesund gir i desse dagar ut sin første historiske roman. «Spelemannen frå Korsneset» går føre seg på Sunnmøre og handlar om gardisten Karl Gustav Korsnes frå fjellgarden Korsneset i Tafjordfjella.

I ei pressemelding skriv Skald forlag følgjande om boka:

– I boka følgjer lesaren Karl Gustav frå han er 18 år. Familien driv ein karrig gard utan straum og innlagt vatn der to familiar deler stovehuset. Musikk er ofte den einaste avvekslinga i den tunge og vonlause kvardagen på garden.

Historia er basert på livet til ein reell person. Røsth har høyrt mykje om Karl Gustav Korsnes gjennom oppveksten i Ålesund.

– Karl Gustav var nemleg søskenbarn av bestefar min. Bestefar vaks også opp på Korsneset, i den eine av to familiar som budde der. Det var familien til Karl Gustav som hadde odel, så slik sett vart det til at min familie flytta derifrå, medan Karl Gustav vart verande, fortel Røsth.

Lettlesroman for eldre

Røsth har lang erfaring med å skrive lettleste bøker for barn, men har no vald å skrive ein roman som er tilpassa dei utfordringane eldre lesarar møter.

– Boka er i utgangspunktet for alle. Tilpassinga går på at persongalleriet i boka er avgrensa til få personar og at setningane er korte. Det er også viktig å ikkje bruke for mange framandord i ei slik bok, seier Røsth.

– Hendingane i romanen vil trigge minne hos dei som har opplevd liknande sjølv, andre vil hugse historier som dei har fått fortalt. Mange vil kjenne igjen dei vanskelege forholda kring gardsdrift før i tida, heiter det i pressemeldinga.