Redaktøropprop mot omlegging av postomberinga

Protest mot ny postlov

redaktøropprop: Over åtti redaktørar, deriblant redaktøren i Storfjordnytt, Fjordingen, Sykkylvsbladet og Sunnmøringen, har signert på eit redaktøropprop som protesterer mot omlegging av talet på dagar med postombering. – For oss vil det gi store konsekvensar. Mange abonnentar risikerer å ikkje få avisa før fleire dagar etter prent, og det er sjølvsagt ikkje tilfredsstillande sjølv om alle abonnentar har tilgang på våre elektroniske løysingar, seier redaktøren i Sunnmøringen. illustrasjonsfoto  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Nyhende

Redaktørar i aviser over heile landet fryktar for framtida dersom det blir kutt i mengda postomberingsdagar.

– Vi fryktar at kutt i postomberinga vil bety kroken på døra for mange av lokalavisene i landet, seier leiar i Landslaget for lokalaviser (LLA) Rune Hetland i ei pressemelding, ifølgje M24.

Kampanjen vart offisielt lansert måndag, via nettstaden avisaskalfram.no

Sunnmøringen har signert

Fjordingen, Storfjordnytt, Møre og Sykkylvsbladet sine redaktørar er blant redaktørane frå heile landet som har signert på oppropet.

Det same har redaktøren for Sunnmøringen gjort.

– Eg signerte umiddelbart då eg fekk tilsendt oppropet. For oss vil ei eventuell endring i talet på postombæringsdagar gi dramatiske konsekvensar. Vi har mange abonnentar som får avisa med post, seier redaktør Renate Furre Henriksen-Sandvær i ein kommentar.

– Heile redaksjonen står dagleg på for å skrive ei best mogleg avis for våre abonnentar, og vi gjer vårt ytste for å ta vare på eksisterande lesarar og å få nye lesarar. Ei omlegging av postomberinga kan medføre at abonnentar ikkje får avisa før fleire dagar etter avisutgivinga, noko som sjølvsagt ikkje er akseptabelt. Vi ser at papiravisa er populær, og det er eit tilbod vi ønsker å tilby òg i framtida sjølv om alle avisabonnentar sjølvsagt òg har tilgang på våre elektroniske løysingar, seier ho.

Kampanje

LLA har gått saman med avisene Klassekampen og Nationen om kampanjen «Avisa skal fram».

Kampanjen kjem i samband med forslaget til ny postlov, som no er ute på høyring.

I dag leverer Posten 173.000 aviser på kvardagar i område der det ikkje finst avisbod, men i forslaget til ny lov blir lagt det ifølgje kampanjen opp til at avisene berre i snitt skal leverast 2,5 dagar i veka.

I samband med kampanjen har over 80 avisredaktørar frå heile landet signert eit opprop for framleis avislevering.

– Vi krev at avisa skal fram, òg i distrikta. Avisene er med på å halde Noreg saman og bidreg til at ulike stemmer i heile landet høyrer og forstår kvarandre, seier Hetland.