Husbrann i Langlovegen

Ingen bebuarar kom til skade då det byrja brenne i Ødegårdsvegen i Stranda tettstad. 

Nyhende

Ingen vart skadde då det byrja å brenne i ein bustad i Langlovegen i Stranda tettstad søndag kveld.

Alle naudetatane rykka rundt halv ti-tida søndag kveld ut etter melding om brann på Langlo.

- Ingen bebuarar kom til skade i brannen. Det var brann i andre etasje med opne flammer. Denne er no sløk, og vi driv på med utlufting, sa brannsjef Inge Teigen til Sunnmøringen kvart på ti søndag kveld.

Bebuerane i huset har fått i seg litt røyk, opplyser brannvesenet - og fekk tilsyn av helsepersonell på staden.