Cruiseskipskaptein fikk massiv bot for luftforureining

Nyhende

Kapteinen på eit britisk-amerikansk cruiseskip er pålagd ei bot på 100.000 euro i Frankrike for omfattande luftforureining.

Kjenninga måndag i ein domstol i Marseille er den første i sitt slag i fransk rettsvesen.

Ifølgje domstolen lét kapteinen på cruiseskipet Azura, som er ått av det britisk-amerikanske reiarlaget P & O Cruises, skipa forbrenne drivstoff som igjen førte til altfor høge utslepp av svovel.

Utsleppa vart registrert i mars i år i samband med ei stikkprøve der det òg vart avdekt at skipet hadde uautorisert bunkersolje om bord.

Franske styresmakter har skjerpa kampen mot forureinande utslepp frå cruiseskip, og det førte til at påtalemakta tok ut tiltalt mot kapteinen på Azura.

MS Azura hadde anløp i Geiranger 1. juni 2017.