Aukra overtek styringa

Sykkylvsfjord på reparasjon

Sykkylvsfjord, ferje Stranda-Liabygda.  Foto: Arkiv

Nyhende

Mandag morgon kunne observante strandarar sjå at bilferja MF Sykkylvsfjord tok turen ut fjorden og vart erstatta av ferja MF Aukra.

– Sykkylvsfjord har fått ein lekkasje i dekket som må utbetrast. Ferja vil sannsynlegvis vere tilbake onsdag eller torsdag denne veka, fortel operativ leiar for Indre Sunnmøre i Fjord 1 Kristin Øverås til Sunnmøringen.

MF Aukra vil betjene sambandet Stranda-Liabygda fram til Sykkylvsfjord er tilbake. Begge ferjene har ein kapasitet på 36 køyretøy.