Talet på rovdyrskadar er på det høgaste sidan 2014

  Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Nyhende

Talet på sau og lam som er dokumentert skadd av rovdyr i år er på det høgaste sidan 2014. Ulv står for nesten halvparten.

1.144 sau og lam har dokumentert blitt rovdyrskadd i år, viser tal Nationen har henta frå Miljødirektoratets oversyn Rovbase. talet i fjor var på 1.089.

Ulv står for nesten halvparten – 48 prosent – av skadane. Deretter følgjer bjørn, som står for 27 prosent. Gaupe står for rundt elleve prosent, jerv for om lag ni prosent og kongeørn fór rundt fem prosent.

Einar Frogner, styremedlem i Noregs Bondelag, seier det er vanskeleg å dokumentere skadar.

– Vi veit samtidig at det er store mørketal, det har vi gode data for gjennom mange år. Spesielt vanskeleg er det å dokumentere skadar etter ørn og jerv. I tillegg er det mange dyr som beiter i terreng der det vanskeleg å dokumentere skadar, seier Frogner til avisa.