Departementet tilbakeviser Nationen sine tal

- Mindre tap av sau til rovvilt

arkivfoto  Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Nyhende

- Tap av sau til rovvilt er kraftig redusert dei seinare åra. Mellombelse tal for 2018 tyder òg på ein liten reduksjon, seier statssekretær Atle Hamar i klima- og miljødepartementet.

Han tilbakeviser reknestykket Nationen har gjort, som syner at talet på sau og lam som er dokumentert skadd av rovdyr i år skal vere høgare enn i fjor og det høgaste sidan 2014.

- Det er godt gjort av Nationen å summere tala slik at ein reduksjon blir til ei auke, seier Hamar.

Ifølge tal departementet har henta inn frå Rovdata, har det vore over to millionar sau og lam på beite i Noreg denne sesongen. Hittil i år er det påvist at 1.611 av desse er tatt av rovvilt. Det er litt under nivået i fjor, då det på same tid var påvist 1.625 sau tatt av rovvilt.

Dette er igjen langt under 2009-nivået då 2.679 dyr vart påvist tatt av rovvilt, ifølge departementet.

Dei mellombelse tala syner at det har vore ein nedgang i tap som skuldast jerv, gaupe og kongeørn. Det har vore noko auke i tap som skuldast bjørn og ulv. Totalt viser tala ifølge departementet ein nedgang for 2018

Ifølge tall Klima- og miljødepartementet har hentet inn fra Rovdata, har det vært over 2 millioner sau og lam på beite i Norge denne sesongen. Så langt i år er det påvist at 1611 av disse er tatt av rovvilt. Dette er såvidt under fjorårets nivå da det på samme tid var påvist 1625 sau tatt av rovvilt. Dette er igjen langt under 2009-nivået då 2679 ble påvist tatt av rovvilt.

Fullstendig oversikt over tap av sau i beitesesongen 2018 vil ein ikkje ha før alle søknadar om erstatting er ferdig handsama.

- Det er god oversikt over kor mange skader som er dokumentert og sikkert påført av rovvilt. Ei samanlikning av slike påviste tap samanlikna med tidlegare år, syner at tapet i år ligg under nivået i fjor. Og det er vesentleg lågare enn for ti år sida, skriv departementet i ei pressemelding.