Renovasjonsgebyr 2019

Gebyrsatsane: Formannskapet si tilråding til kommunestyret om gebyrsatsar for renovasjon var samrøystes. Negativt sjølvkostfond på renovasjon fører til ei prisauke på fire prosent i 2019.  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Formannskapet si tilråding til renovasjonsavgiftene for 2019.

For standarddunk 140 liter går gebyret opp frå 4.380 kroner i 2018 til 4.555 kroner i 2019.

For standard dunk 240 liter opp frå 6.572, 50 i 2018 til 6.835 kroner i 2019.

For standard dunk 360 liter frå 9.352,50 kroner til 9.726,25 kroner i 2019.

For standard dunk 660 liter frå 17.528,75 kroner til 18.230 kroner i 2019.

For standard dunk 770 liter og over, frå 26.441, 25 kroner til 27.498,75 kroner i 2019.

Renovasjon for standard sekk auker frå 4.380 kroner til 4.555 kroner i 2019.

Renovasjon for samarbeid på dunk auker frå 3.230 kroner til 3.358, 75 kroner i 2019. Prisen er identisk med redusert henting kvar fjerde veke.

Hytte- og fritidsrenovasjon auker frå 2.188,75 kroner til 2.276,25 kroner i 2019.

Alle prisene er inklusive moms.

For å få utskrive erstatningskort til miljøstasjonane, auker gebyret frå 200 kroner i 2018 til 250 kroner i 2019.

Årsgebyra blir krevd inn med forfall 15. mars, 15. juni, 15. september og 15. desember.