Stranda vurderer turistskatt

Nyhende

Kommunar som har nokre av Noregs mest besøkte turistmål, vurderer å innføre turistskatt. Korleis skatten skal innkrevjast, er framleis uklart.

Seks kommunar i Lofoten i Nordland, Nordkapp kommune i Finnmark, Stranda kommune i Møre og Romsdal og Stryn kommune i Sogn og Fjordane vurderer å innføre turistskatt, skriv Klassekampen.


– Vi har i dag utgifter på turistane, og må ha høg beredskap i helsevesenet, brann og søppelhandtering. Vi treng òg middel for å etablere fellesordningar, offentlege toalett og vi vil gjerne pynte litt i kommunen for å verke å vere hyggelege og imøtekommande, seier ordførar Kristina Hansen (Ap) i Nordkapp kommune.

Kommunen, der det kjende Nordkapplatået ligg, har 400.000 besøkjande kvart år.

Stortinget vedtok i fjor å ikkje innføre ein nasjonal turistskatt, men opna for at regionar og kommunar kunne innføre lokale ordningar. Korleis turistskatten skal innkrevjast, er framleis uklart.

Kommunane vurderer ifølgje avisa innfartsåren til landet, som til dømes flyplassane eller kaiene der ferjer og cruiseskip anløper.

Dagleg leiar Elisabeth Dreyer i Destinasjon Lofoten vel å kalle det ei «besøksavgift», og trur at ei slik avgift vil gjere det lettare å legge til rette for turisme.