175.000 kroner til Stranda sentrumsforeining

Fekk jubileumsgåve før konsert

På stand for sentrumsforeininga: Stranda sentrumsforeining står mellom anna bak Strandalaurdagen, og er samarbeidspartnar på Julemarknaden i Stranda tettstad denne veka.  Foto: Arkivfoto: Anniken Westad

Nyhende

Sparebanken Møre fyller i år 175 år, og banksjef Kjell Ringset i Stranda gjekk saman med banksjef Stig Tryggestad i Sunnylven tidlegare i haust ut med førespurnad om å nominere gode kandidatar til å motta jubileumsgåva på 175.000 kroner.

Fredag kveld vart det avslørt kven som får jubileumsgåva frå banken, i førekant av tenorkonserten i Storfjord kulturhus.

Sentrumsforeininga får gåva

Det er Stranda sentrumsforeining som får 175.000 kroner.

Det kom inn 89 forslag på prosjekt rundt om i dei fire bygdelaga i Stranda som burde få gåva, i dette høvet er det kun eitt prosjekt som får støtte.

- Dette utelukkar ikkje at andre gode prosjekt kan få litt drahjelp òg når vi kjem inn i det nye året, og vi får oversikt over samfunnsutbyttet for 2019, seier Ringset.

Ein jury har vurdert dei ulike forslaga som har komne inn. Ordførar Jan Ove Tryggestad, Leidulf Årvik, banksjef Kjell Ringset og banksjef Stig Tryggestad svar komitè.

Grunngivinga frå juryen

I grunngivinga til juryen skriv dei følgande:

Eit levande sentrum treng aktivitetar for alle, ikkje berre for dei som bor i sentrum, men også for dei som er innom for ein kortare periode, på besøk eller på gjennomreise.

Aktivitet skaper trivsel og trivsel skaper attraktivitet.

Prosjektet som får Sparebanken Møre si 175-årsgåve på kr 175.000,- gir etter komiteen sitt syn innhald til alle desse ynskja.

• Prosjektet er sentrumsnært og vil bidra til auka aktivitet i Stranda sentrum

• Prosjektet skaper arena på tvers av alder og interesser

• Prosjektet synleggjer engasjement og dugnadsånd på tvers av tradisjonelle lag og organisasjonar

• Prosjektet vil vere lett tilgjengeleg for alle

• Prosjektet er i si form mest retta mest mot barn og unge, men i utvida forstand mot alle aldersgrupper som samling og aktivitetsarena.

• Prosjektet skal legge til rette for at bruken skal vere kostnadsfri i dagleg bruk

• Prosjektet er i uterommet

• Prosjektet vil vere eit supplement til dei andre aktivitetsarenaene på Stranda