Fylkesrådmannen innrømmer tabbe om Nordøyvegen

Fylket melder at det blir utarbeidd ny kontantstraumsanalyse for prosjektet Nordøyvegen. Truleg vil dette slå positivt ut for prosjektet.

Samferdselssjef Arild Fuglseth informerte fylkesutvalet om utredinga av Nordøyvegen i førre veke. FOTO: STAALE WATTØ 

Nyhende

Sunnmørsposten: Fylket melder at det blir utarbeidd ny kontantstraumsanalyse for prosjektet Nordøyvegen. Truleg vil dette slå positivt ut for prosjektet.

Leiaren i plannemnd for samferdselsutbygging, Frank Sve, og leiaren i samferdselsutvalet, Kristin Sørheim, vart orientert måndag føremiddag før pressemeldinga gjekk ut.

Spørsmålet dreier seg om kostnader knytt til lån, det vil seie renter og avdrag, og om det er tatt omsyn til inflasjonsutviklinga over alle 40 åra for lånet.

– Tilbakemeldinga frå Atkins og Oslo Economics er no at denne inflasjonsproblemstillinga har liten betydning på kort sikt, dvs. 10-12 år, men har større effekt i eit langsiktig perspektiv, skriv samferdselssjef Arild Fuglseth på mrfylke.no.

Dermed er det venta at økonomien i Nordøyvegen uansett vil få ein stor «pukkeleffekt» dei første åra.

«Finansieringsmodeller med så lang analyseperiode og mye usikkerhet som her er krevende uansett modell-tilnærming. I utgangspunktet mente vi en reell modell var enklere å forstå. En reell modell må derimot korrigeres for redusert ‘belastning’ av lånekostnadene (slik kritikken har vært). Det er nominell lånerente minus inflasjon som bør benyttes. Dette har dessverre vært en feil i anbefalt tilnærming.» skriv Atkins/Oslo Economics, ifølgje Fuglseth.

Vil legge fram ny analyse onsdag

– Fylkesrådmannen tek denne tilbakemeldinga til følgje i sitt vidare arbeid med saka, og er no i ferd med å utarbeide ein justert kontantstraummodell i samsvar med Atkins/ Oslo Economics si tilråding. Effektane av den justerte modellen er planlagt framlagt for samferdselsutvalet onsdag 5. desember. Fylkesutvalet og fylkestinget sine medlemmar vil mellom anna få dei justerte kontantstraumane ettersendt, opplyser Fuglseth.

– Det er bra, og vi ventar i stor spenning på kva som kjem no, seier leiaren i samferdselsutvalet, Kristin Sørheim, til Sunnmørsposten i ein kommentar.

Frank Sve har meir på hjartet:

– Tidlegare har vi blitt møtt med ei relativt arrogant haldning om at fylkesadministrasjonen har rett. Men vi ser at folk ved NTNU meiner at fylkesadministrasjonen har tatt feil. Tidlegare har Deloitte sagt det same. Dette gjer noko med den totale tiltrua til fylkesadministrasjonen. Eg er glad for at vi i fleirtalet i fylkesutvalet har lagt ned eit botnsolid arbeid der vi har fått hjelp frå mange fagmiljø – men det er bekymringsfullt at vi er nøydde til å gjere det, seier Sve til Sunnmørsposten.

Veit ikkje om utslaget er betydeleg

Sve forventar at den nye analysen vil slå positivt ut for Nordøyvegen. Men ifølgje Sve har han ikkje fått vite kor stor sum det kan vere snakk om. Han veit dermed ikkje om endringa blir 'betydeleg'.

Nyleg gjorde Edvard Devold og fleire ved NTNU ei utrekning som viser at dette gir utslag i milliard-klassen: «Dersom vi deflaterer ferjeavløsningsmidlene til 2018-kroner, må det samme gjøres med renter og avdrag som betales i årene etter 2018.» heiter det. Dei meiner nettoutgiftene til Nordøyvegen i realiteten blir så mykje som 1,6 milliardar kroner mindre enn det fylkesadministrasjonen sine utrekningar har vist. I snitt blir dette 40 millionar kroner i året om lånet går over 40 år.

Det er altså ikkje kjend om den nye analysen frå fylkesadministrasjonen vil gje tilsvarande stort utslag.

Det knyter seg stor spenning til fylkestinget 10.-12. desember. Det er antyda at avstemminga om Nordøyvegen blir gjort 11. desember.

Denne saka sto først på trykk i Sunnmørsposten si nettutgåve.