FV60 Straumgjerde

Mistanke om ruskøyring

Nyhende

Politiet melder på Twitter klokka 14.15 måndag ettermiddag at dei har stogga ein bil der føraren er mistenkt for køyring i ruspåverka tilstand.

Mannen i slutten av trettiåra blir tatt med til lege for blodprøve.

Førarkortet er kverrsett og mannen er politimeld, skriv Møre og Romsdal politidistrikt.