Brann i Pihlgården

Nyhende

Stranda brannvern er på brannutrykking i Pihlgården Bankgata i Stranda sentrum.

Det kom tjukk røyk ut frå både første og andre etasje i bygget.

Politiet i Møre og Romsdal melder klokka 1207 på Twitter at brannen skal ha starta på gatekjøkkenet i første etasje i bygget. Det er observert opne flammer, skreiv politiet. Dette vart seinare korrigert til kraftig røykutvikling.

To bebuarar vart evakuert grunna røyk, melder politiet klokka 1215 på Twitter.

Politi og ambulanse kom til staden kvart på eitt. Brannvernet går no gjennom bygninga.

Klokka 13:25 kan politiet på staden bekrefte at alle bebuarar er ute av bygget og gjort rede for. Det skal ikkje vere meldt om personskade. Det er framleis mykje røyk i bygget. Det er også for tidlig å seie noko om brannårsak eller skadeomfang.

Det er ikkje trafikale problem på staden.