Rekordmange fullførte

Stranda Vidaregåande skule.  Foto: Arkivbilde.

Nyhende

I ei pressemelding kan Møre og Romsdal Fylkeskommune melde om at rekordmange elevar i fylket fullførte og bestod vidaregåande opplæring i 2017–18.

Det er ifølge pressemeldinga ei auke for både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram. 87,6 prosent av elevane fullførte og bestod skuleåret 2017-18, mot 86,1 prosent året før.

–Vi ser at vi har ei svært god utvikling for vidaregåande opplæring i fylket vårt, seier fylkesutdanningssjef Erik Brekken i pressemeldinga.

Fylket ligg over landsgjennomsnittet innanfor alle utdanningsretningar for fullført og bestått per skuleår. Samstundes held fråværet seg framleis stabilt på eit lågt nivå. I løpet av dei siste to skuleåra er fråværet redusert med 2,2 prosentpoeng, frå 6,7 til 4,5 prosent.