Vinterføre på vegane

Køyr forsiktig

No er det vinterføre.  Foto: Arkivfoto.

Nyhende

Politiet i Møre og Romsdal melder onsdag på Twitter at det er variable vegforhold rundt om i fylket i dag. Dei oppfordrar alle trafikantar til å køyre forsiktig.

Gode dekk er viktig

I ei pressemelding påpeikar Gjensidige at over 8.000 bilistar i Møre og Romsdal køyrer rundt med vinterdekk som ikkje held mål.

– Etter maks fem år bør man absolutt skifte vinterdekka, seier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige.

På landsbasis er det over 170.000 som køyrer rundt på gamle dekk. I tillegg er det 30.000 som svarer at dei har meir enn 10 år gamle vinterdekk.

– Det er uheldig at så mange køyrer med eldgamle vinterdekk, men samtidig er vi gledeleg overraska over at tala ikkje er høgare, seier Voll.

–Eit sett med nye vinterdekk vil for mange opplevast som å få heilt «ny» bil på glatta – med økt køyreglede og ikkje minst, heilt andre kjøreeigenskaper, heiter det i pressemeldinga.

Ikkje vent til det er for seint

– Gamle vinterdekk doblar bremselengda, sjølv med lovleg mønsterdybde. I nokon tilfelle kan nye og gamle dekk stå om liv og død, dersom du plutseleg må bremse opp, seier Voll.

– Utan å vere riktig skodd for vinterføre, kan du få redusert erstatninga med mange tusen kroner dersom uhellet skulle vere ute. Skift dekk i tide og ikkje vent til det er for seint, er den klare oppfordringa frå Voll.