Søker om utsleppsløyve

Nysætervatnet.  Foto: Arkivfoto.

Nyhende

Sykkylven kommune har søkt om utsleppsløyve for sanitært avløpsvatn frå hyttefelta som ligg kring Nysætervatnet i Sykkylven kommune. Utsleppspunktet er planlagt i Storfjorden aust for Fausadalen.

Saka har tidlegare i år vore oppe til handsaming i utvalet for miljø og kommunalteknikk, men vart trekt. Grunna nye opplysningar i saka fremmast ho no på ny.

I sakspapira kjem det fram at administrasjonen tilrår at Stranda kommune gir Sykkylven kommune utsleppsløyve med vilkår knytt til belastning, reinsegrad og plassering av utsleppspunkt. Administrasjonen presiserer at dette ikkje er eit byggjeløyve, men ei vurdering av at utsleppet i fjorden og reinsemetode er i tråd med regelverket og kva Stranda kommune kan gi løyve til.