Bokmelding

Hyttebok frå Helvete

Nyhende

Det er ikkje enkelt å bli profet i eiga land. Med mindre du er Are Kalvø, sjølvsagt.

«Hyttebok frå Helvete» i bokform og sceneform.

Kalvø er bokaktuell med «Hytteboka frå Helvete» (eg beklagar ordbruken no, men ho heiter faktisk det) – og stod laurdag kveld på scena i Storfjord kulturhus med framsyninga med same namn som boka.

Kalvø har byrja å miste vener til fjellet. Elles fornuftige menneske har no som høgste mål å bryte iveg på ein fjelltopp. Og løfte armane i vêret. Heilt utan humor, nokre òg utan hår. Sånt kan det bli glitrande komikk av, og det blir det.

Cupkampen i '83

I boka refererer Kalvø til den legendariske cupcampen i 1983, då 130 prosent av Stranda sine innbyggarar stod på Mona då Stranda møtte Vålerenga.

(Ingen ser ut til å vere samde om kor mange tilskoderar som var på kampen - vi har høyrt alt mellom 4.000 til 8.000 personar. Utfrå oppslaget i Sunmøringen 25. juni 1983 kan vi stadfeste at Mona var stappfull).

Utan å bli tatt for å bryte det åttande bod, tør underteikna å signere for at bortimot 13 prosent av Stranda sine innbyggarar sat i kulturhuset laurdag kveld. Fleire var det ikkje plass til.

Og det berre på den første framsyninga. Om Kalvø meiner at fjellfolk er samanliknbare med religiøse, må ironien i at han vart tatt imot som om han var på signingsferd ha slått han.

Kalvø sparka eit kollektivt kulturhus på leggen gjentatte gonger, og hausta trampeklapp som resultat. Fullt fortent.

Føretrekk asfalt

Kalvø er ikkje ein fjellets mann. Det er sterkt å innrømme for ein strandar, og endå sterkare å gi ut i bokform under døypenamnet. Berre overgått av å stå i storstova i fødestaden og ironisere over det.

Og det gjer Kalvø til fulle, i splitter nye by-sko. Ei kvalitativ undersøking – handsopprekking på norsk – i kulturhuset synleggjer Kalvø sitt poeng.

Av dei 13 prosent av Stranda sine innbyggarar som er samla i kulturhuset, er det tre personar som ikkje har vore på ein fjell- eller skogtur siste året. Tre.

Det er greinalaust, men om ein har som jobb å sjekke emneknaggen #mittstranda på Instagram kvar veke: Fullstendig logisk. Rett mange av dei har emneknaggen #liveterbestute med.

Touchè

Kalvø går i rette med argumenta til fjellfolka, og følgande avsnitt stikk akkurat der det skal gjere:

«Det er berre i møte med naturen at du forstår kor liten du er», er eitt av argumenta til fjellfolka – med følgande kommentar frå Kalvø:

– Viss det berre er i møte med naturen at du forstår kor liten du er, då har du rett og slett for stort sjølvbilete. Viss du har behov for å forstå kor små dine eigne problem eigentleg er, tenk Aleppo. Ikkje Jotunheimen. Touchè.

Innleiinga på boka, der han prøver å nå til kjernen av fjellfascinasjonen – den er ganske enkelt glitrande. Du skal vere temmeleg humørlaus for ikkje å kjenne at det gjer vondt i lattermusklane.

Godt utstyrt

Kalvø blir ikkje noko klokare på kva som er magien med fjellet, såpass kan vi avsløre utan å røpe alt for mykje. Og det trass i å ha kosta på seg utstyr til prisen av ein ganske ok bruktbil. Men du verda, det er mykje spas fram til det punktet.

Turen til Jotunheimen er gull i seg sjølv, pinleg nøyaktig i både detaljnivå og tidtaking. Her har Kalvø rett og slett tatt støyten for oss alle med åtte timars marsj ut øydelandet, der det er s-t-i-l-l-e og kompanjongen moglegvis ligg med kniv under puta. Med open dør.

Mitt forhold til Do-re-mi og Den glade vandrar kjem aldri nokon gong til å bli det same etter nitid lesing av denne boka, ei heller mitt forhold til fjell.

Og det er ein bra ting.