Lesarinnlegg

På lag med framtida - på lag med ungdommen?

  Foto: Sindre Omenås

Nyhende

Hovudtillitsvalde i Utdanningsforbundet Møre og Romsdal har ved fleire høve og i ulike media uttalt ei sterk  bekymring  for den økonomiske situasjonen som nå ser ut til å toppe seg i dei vidaregåande  skulane i vårt fylke.

Som følgje av ein allereie anstrengt økonomi  har alle skular  fått melding om å kutte med 1%  for komande budsjettår. Når over 90% av budsjettramma går til lønn, så vert kuttet på 1% drastisk for drifta.  Vi  opplever dette kuttet  berre som eit første steg i ei innsparing som vil ramme utdanningssektoren tungt i svært mange år framover.

Drastiske kutt i vidaregåande opplæring vil ramme ungdommen og framtida i vårt fylke!  For å kunne vere ein regional utviklingsaktør er vårt fylke heilt avhengig av å ha eit godt kompetansenivå på alle plan.  Ein god offentleg vidaregåande skule er avgjerande for at vårt fylke skal kunne vere med i ei slik ønska utvikling.

Utdanningsforbundet meiner at alle elevar i vidaregåande opplæring har krav på eit likeverdig opplæringstilbod uansett kvar dei er busette i vårt vidstrakte fylke. Ein desentralisert skulestruktur meiner vi er ein del av dette. Alle elevar har også krav på eit godt opplæringsmiljø både fagleg og  sosialt  innanfor gode fysiske rammer. Kvalifiserte lærarar og pedagogisk forsvarlege grupper dannar grunnlaget for ei kvalitativ god opplæring.

Hittil har våre skular drive kostnadseffektivt og levert svært gode resultat. Kvalitetsmeldinga  2018 viser gjennom  tydlege tal  at vårt fylke hevdar seg helt i toppen på landsplan når det gjeld gjennomført og bestått i løpet av fem år, heile 76 % av alle elevane  våre  har gjennomført og bestått i løpet av denne perioden til trass for at vårt fylket brukar berre litt  over  av 150.000,-   pr. elev. Samanliknar vi oss  med Sogn og Fjordane så  investerer dei i overkant av 180.000,- pr. elev.  Politikarane må også ha i bakhovudet at vårt fylke har ein høg andel yrkesfaglege utdanningstilbod, nesten 50% av elevane vel desse utdanningsprogramma. Dette er dyre tilbod samanlikna med studiespesialiserande, men svært viktige for industrien i fylket vårt.

Utdanningsforbundet opplever ikkje at politikarane har kome med konkrete løysingar på dei problema vi opplever vert  langsiktige konsekvensar  av den økonomiske situasjonen.

Vi forventar at fylkespolitikarane no gir klare svar på korleis utdanningssektoren  skal unngå å måtte stenge eller legge ned skular, fjerne klasser og utdanningstilbod samt  unngå å slå saman klasser til uforsvarlege grupper. Ein kvalitativ god vidaregåande skule kostar og vi meiner at det ikkje er meir å spare i denne sektoren! Vidare kutt får store konsekvensar for kvaliteten i opplæringstilbodet som vert gitt.  Dersom politikarane vil vere på lag med ungdommen og framtida må vidaregåande opplæring bli prioritert med ei forsvarleg finansiering! 

Det er eit politisk ansvar å tenkje langsiktig også når det gjeld vidaregåande opplæring.

Utdanningsforbundet forventar at de som politikarar tek dette ansvaret !