Treigare start på julehandelen

Illustrasjonsfoto.  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Omsetnaden i veke 48 gjekk ned med 4,2 prosent samanlikna med same veke i fjor, ifølgje Virkes julehandelsindeks. Samtidig auka kortbruken i november.

Virke understrekar at tala korrigert for éin handledag mindre i år viser ein nedgang på 0,5 prosent.

– Det kan sjå ut til at mange har teke ein liten handlepause etter ei heil veke med gode tilbod og Black Friday. Det er som venta, seier Bror William Stende, direktør for Virke Faghandel.

Tenester og servering

Kvarud Analyses julehandelsindeks for Virke er basert på omsetnadstal frå 190 av kjøpesentera i landet. Omsetnaden i butikkane i kjøpesentera gjekk ned med 5 prosent i veke 48, mens dei andre verksemdene til kjøpesentera med tilbod av tenester og servering, hadde ein vekst på 4,1 prosent.

Ifølgje Virke tyder mykje på at mange har starta julehandelen framfor Pc-en. Onsdag melde Posten om at det tysdag kveld låg 290.000 pakker i Post i Butikk. Det er over 100.000 fleire enn normalt.

Kortrekord

Tal frå Nets og BankAxept viser at det vart utført 164,5 millionar kortkjøp i november, ein vekst på 4 prosent samanlikna med same månad i fjor.

– November blir prega av enkelte dagar med mykje handel, eit tydeleg teikn på at julehandelen er godt i gang for mange, seier Stein-åre Tjore, pressesjef for Nets i Noreg.

Betalingskorta vart nytta til å handle varer og tenester for nesten 55 milliardar kroner, ein auke på 2,8 prosent frå november i fjor.

Under Black Friday, som i år fall på 23. november, vart det sett ny rekord i kortbruk. Denne dagen vart det gjennomført nesten 9 millionar kortkjøp, og berre dette døgnet vart det handla for meir enn 3,7 milliardar kroner.