Fotballgallaen til Sunnmøre Fotballkrets

Årets arrangør av miniturnering

Dribling: Ingen sure miner trass i eit forrykande vêr laurdag.  Foto: Arild Ringdal

Engasjement: Innsats og driblevilje i bøtter og spann.  Foto: Arild Ringdal

unge talent: Unge fotballspelarar i alderen seks til ni år spelte forrykande fotball ute på graset.  Foto: Arild Ringdal

Pause: Medan ein sjølv ventar på å spele kamp, nyttar denne sunnylvingen høvet til å sjå på kva dei andre laga gjer.  Foto: Arild Ringdal

Supportarar: Denne kameratgjengen frå Stranda stilte sjølvsagt òg opp som heiagjeng.  Foto: Arild Ringdal

NABOKAMP: Vennleg kappestrid mellom Stranda og Sunnylven ute på bana.  Foto: Arild Ringdal

Førebuingar: Førebuingane til fotballdagen er i gong, og litt tørr-trening med ball før kampane starta måtte sjølvsagt til.  Foto: Arild Ringdal

Nyhende

Stranda IL Fotball vart kåra til årets miniturnering-arrangør under fotballgallaen til Sunnmøre Fotballkrets laurdag. Prisen er på kroner 5000.- og ein diplom.

Juryen sitt grunnlag for å kåre Stranda var: "Stranda arrangerte i år to miniturnering, først med 45 lag deretter med 41 lag. Totalt  550 gutter og jenter deltok disse to dagene. I tillegg til kampene arrangerte Stranda stafett mellom laga og hadde andre aktiviteter som fotballbowling, basket og hinderløype. De hadde også innmarsj og lagpresentasjon på den siste miniturneringen. Stranda fikk svært gode tilbakemeldinger fra evalueringen".

Stranda kommune var nominert til årets fotballkommune, men nådde ikkje opp. Her vann Sandøy kommune førsteprisen.

Bileta i denne saka er frå fotballturneringa som var på Mona stadion i slutten av september - og som de ser: Ungane hadde det svært kjekt, og lot seg ikkje stogge av eit ganske så vått vestlandsvêr.