Bassengreparasjonen utsatt

Symjebassenget ved Ringstad skule har vore ute av drift sidan februar. No nærmar det seg ei løysing.

øYDELAGT DUK: Bassengduken i bassenget til Ringstad skule har morkna, og ny duk er på veg. Målet er å gjenopne bassenget til skulestarten på nyåret. arkivfoto: johan behrentz  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Grunnen til at bassenget har vore stengd er at den gamle bassengduken hadde morkna, noko som førte til store lekkasjar.

Bassengduken forsinka

Vaktmeister ved Ringstad Skule, Andre von Soosten, kan i dag melde at den nye bassengduken er forsinka.

- Opptøyane i Frankrike gjer at den nye duken ikkje kan sendast frå fabrikken. Forventa oppstart for reparasjonsarbeidet er no venta å vere 3. januar, seier von Soosten til Sunnmøringen.

Ny bassengduk på veg

Vaktmeister ved Ringstad Skule, Andre von Soosten, kan fortelje at den gamle bassengduken er fjerna og at ny duk er bestilt og på veg frå Frankrike.

– Vi har ikkje heilt oversikt over når duken kjem, men den skal vere på veg. Det er eit dansk firma som skal stå for reparasjonsarbeidet og desse arbeidarane vil komme til Stranda så snart duken er på plass, fortel Soost.