Fokus på jerv

Folkemøte om rovdyrpolitikk

Måndag 14. januar vert det arrangert regionalt folkemøte om rovdyrpolitikk i Valldal. Møtet vil ha fokus på jerv.

Illustrasjonsfoto.  Foto: Arkivfoto.

Nyhende

Dei siste åra har fleire sauebønder på Indre Sunnmøre opplevd til dels store tap som ein følgje av jerv. Tidlegare i år arrangerte bondelaga i Norddal møte knytt til rovdyrsproblematikken i regionen. Her kom det mellom anna fram at lammetapa i fylket i fjor var godt over landsgjennomsnittet. Tidlegare i år vart det også gjort observasjonar av spor frå jerv i Sunnylven.