Stabilt sjukefråvær

Illustrasjonsfoto.  Foto: Arkivfoto.

Nyhende

I ei pressemelding frå Nav Møre og Romsdal kjem det fram at sjukefråværet i fylket dei siste åra har vore stabilt på rundt 5,5 prosent.

- Dei få svingingane vi har hatt er stort sett knytt til årstider og influensa. Sjukefråværet i fylket har dei siste åra stort sett hatt den same utviklinga som elles i landet, men heile tida 0,2 prosentpoeng høgare enn landssnittet, seier fylkesdirektør i Nav Møre og Romsdal, Stein Veland.

- Blant kommunane har vi seks kommunar som har redusert sjukefråværet med meir enn 10 prosent det siste året. Desse er Smøla, Tingvoll, Aukra, Sula, Vanylven og Sandøy, seier Veland.

For Stranda kommune var sjukefråværet i 3. kvartal 2018 på 5,4 prosent.