Flott prisutdeling

Fredag vart husmannsplassen Kurlå tildelt godt vern-prisen.

Tok i mot pris: John Arne Langeland tok i mot prisen på vegner av eigaren av Kurlå.  Foto: Ole Tommy Hanssen

Nyhende

Den gamle husmannsplassen Kurlå var ein av fleire husmannsplassar under garden Åsen. Storfjordens Venner har vore ein sentral aktør i restaureringsarbeidet som vart ferdigstilt i 2017.

Prisutdelinga gjekk føre seg på gamle Sunnylven skule, og ikkje ein einaste av dei gamle skulebenkane stod tom denne dagen. I tillegg til representantar frå dei ulike aktørane og andre interesserte, var også elevane frå Sunnylven skule på plass. Det vart servert kake og kaffi og det vart synt fram bilete og halde foredrag om restaureringsarbeidet, men også om korleis livet på Kurlå hadde vore då folk framleis budde der.

Judith Musther i Sunnmøre lokallag av Fortidsminneforeninga delte ut både måleri og plakett til John Arne Langeland som tok i mot på vegner av eigaren av Kurlå.

– Dette er heilt fantastisk. Ikkje minst er det veldig kjekt å sjå at elevane ved skulen har vore så engasjerte i arbeidet, sa Langeland.