Staten løyver pengar til nullutsleppsteknologi

Næringsgruppa Zeff, med blant anna reiarlaget Norled, har fått støtte til å utvikla ein utsleppsfri hurtigbåt. Den kan vera klar i 2020. Foto: Zeff 

Nyhende

Staten løyver 107 millionar kroner til utvikling av løysingar for utsleppsfri maritim transport og klimanøytral industri for framtida. Blant prosjekta som får pengar er skipa til Havila Kystruten og ein ny type katamaran utvikla av Norled.